History
-
Fabrikkeigar og ingeniør Per L. Aga frå Hovland var saman med ingeniør Nils Henrik Bruun frå Bergen, dei fyrste ”fossespekulantane” med kraftrettar i Tyssovassdraget. Ingeniør Bruun sikra seg dei fyrste fallrettane i den nedre delen av Tyssovassdraget allereie i 1894. Frå 1897 byrja fabrikkeigar Aga å sikra seg rettar i dei øvre delane av vassdraget. Mellom anna sikra han seg retten til å demme opp Ringedalsvatnet. I samarbeid slo Aga og Bruun ut ein tappetunell frå Ringedalsvatnet til Vetlevatn i 1903. Dette for å sikra tilgang på vinterkraft. Den såkalla "Bruuns tunnel" hadde en bunnkote på 428. Med tunnelen kunne vannstanden i Ringedalsvatnet verta senka med 10 meter. Tunnelen hadde ei lengd på 100 meter og ein diameter på 1,5 meter. Den gjekk tvers gjennom den naturlege terskelen som danna vestenden av vatnet. I samarbeid planla, og til dels starta dei den fyrste utbygginga av Tyssovassdraget då dei i 1906 bygde ein demning ved Vetlevatn og eit lite kraftverk under Sjoarfossen nede i Tyssedal. Det skulle visa seg å vera ein særs nyttig kraftstasjon, som leverte den fyrste straumen til sjølve kraftutbygginga.
Bruun og Aga selde rettane sine i 1905 til ”fossespekulant” og ingeniør Fredrik Hiorth. Hiorth selde rettane vidare til ei gruppe forretningsmenn med Sam Eyde i spissen, det såkalla ”Eyde- konsernet” i februar 1906. Eyde-konsernet stifta A/S Tyssefaldene den 20. april 1906.
License information
Metadata
- Identifier I-10088
- Part of collection Kraftmuseet - Norsk vasskraft- og industristadmuseum
- Owner of collection Hordaland
- Institution Kraftmuseet
- Date published March 26, 2019
- Date updated October 7, 2025
- DIMU-CODE 021018308683
- UUID e72bc00f-9ad6-46d3-8644-26f38adb4344
- Tags
Add a comment or suggest edits
To publish a public comment on the object, select «Leave a comment». To send an inquiry directly to the museum, select «Send an inquiry».