• Klinkbygd sunnfjordbåt. Det er ein sekskeiping med seks rom og fem omfar. Den er tjæra innvnendig og utvendig, og har firkanta, "heimesmidde" roer. Ein del pynt på æsinga, band, betar, ripbord og ripeforing. Relativt flatbotna/flate halsar/botnbord. Smal mellom kjølsuene, med eit skarpt v-spor i kjølen innvendig.
    Photo: Kystmuseet i Sogn og Fjordane

Båt

3 comments

  • Kven har døypt båten frå Prestøya i Askvoll for sekskeiping ??

    Om oppgjeve lengde stemmer er båten i beste fall ein slagkeiping.

    Da tru eg med mitt vesle vit.

    Kven er navn på personar i båtlaget som kjøpte båten??

  • Denne båten stod i naustet på nordre Prestøyna.
    Etter det eg har funne ut pakta mine forfedre på farsida nordre Prestøyna i 2 generasjonar fram til 1895. Då kjøpte min oldefar Jonas Fristad gard på Fristad i
    Askvoll. Han og kona Marie født Askevold hadde 10 barn då dei flytta til nykjøpt gard
    på Fristad. Ved flyttinga rodde dei opp ålen til Fristad via Straumen- truleg med denne båten som farkost.
    Eg tru båten kan vere eldre enn frå 1870. Den har fint forma halsar og stamnvinder- truleg dauhogde også stamnvindene- i det minste framme.

    Spennande for meg å finne ut meir om historia til denne båten.
    Eg vil vere takksam for alle opplysningar som kan bidra til dette.

  • Tilleggsvurdering: I merkergisteret for fiskebåtar for 1928 finn eg SF 141 A
    Byggeår 1870, lengde 25.5 fot(?) bredde 8, dybde 3,2.
    Eigar Bertil Olset m.fl.
    Denne båten er høgst truleg ein rogavl som notalaget på Olset hadde i lag med den
    søre garden på Prestøyna. Dette notalaget hadde naust og notahus på Lauvholmen
    like sør for Prestøya.
    Den aktuelle sunnfjordbåten stod i framleis eksisterande naustet på nordre Prestøyna.
    Det var nordre Prestøya mi slekt på farsida pakta i 2 generasjonar.
    Denne sunnfjordbåten er neppe fullrømt sekskeiping. Den er mindre og har fremste åreparet langt framme på slaget

Add a comment or suggest edits

To publish a public comment on the object, select «Leave a comment». To send an inquiry directly to the museum, select «Send an inquiry».

Leave a comment or send an inquiry

Order this image

You have unsaved changes.

Are you sure you want to leave this page?

Share to