Klinkbygd sunnfjordbåt av typen femkeiping/tiæring med 5 rom og 5 omfar. Båten har hatt 5 par keiper, men har no berre 2 par snellekeipar lengst framme. Y-kjøl med flat utlagd botn. Hovudsakleg firkanta roer og nokon runde. 6 band, og 4 betar med snelle mellom band og bete. Ripstø, kodlara i baugen, innved er nagla til huda. Hol i lot for slep/landsetting. Hol i framskut for skøyte, seglspøte, til råsegl. 2 par opplengje går til topp ripbord, rorinnfesting, hol i ripstø/ripbord på begge sider for vadbein. Båten har høgt ror, noko som tyder på at båten har hatt løfting. Båten er rikt ornamentert. Kan sjå ut til at ripbord er høvla med vinkel utvendig(?). Båten er mørk, tjærebreidd ut- og innvendig.
Photo:
Kystmuseet i Sogn og Fjordane