Eit portrett av Asta Nørregaard
Asta Nørregaard (1853–1933) hadde stor suksess som portrettmålar. I åra før og etter førre hundreårskifte måla ho folk frå dei øvre samfunnslaga i Noreg. Portrettet av Hedvig Løvenskiold som er deponert i samlinga til Sogn og Fjordane Kunstmuseum, er eit døme på dette.
Portrettmålaren
Asta Nørregaard visste tidleg at ho ville bli målar. Som så mange andre av sine samtidige gjekk ho først på Knud Bergsliens malerskole i Christiania og studerte sidan i München og Paris.
Sjølv om Nørregaard måla portrett gjennom heile karrieren og etter kvart spesialiserte seg på sjangeren, var det ikkje det som dominerte i byrjinga. Hennar tidlege verk er prega av variasjon og inkluderer mellom anna Musikkinteriør, Kristus kommer og Bondekone fra Normandie.
Først frå 1890 valde ho å fokusere på portrettbestillingar, men grunnlaget vart lagt tidlegare. Ein av lærarane ho hadde i Paris, Léon Bonnat (1833–1922) , gjorde stort inntrykk på ho. Dette er tydeleg i Nørregaards eiga verk. Modellane er ofte i naturleg storleik og tek opp mykje plass i rommet. Ho målar i ein realistisk stil, og likskap med dei portretterte er av grunnleggjande betyding. Andleta er uttrykksfulle, og figurane framstår som livaktige. Samstundes kombinerer ho dette med representativitet. Nørregaard var også kjend for si evne til å gje att detaljar og kvaliteten på stoffa i dei fine kleda til personane ho skildra. Mange av portretta er knestykke, det vil seie at heile figuren frå hovudet og ned til knea er vist.
Alt dette er noko som karakteriserer portrettet av Hedvig Løvenskiold. Ho er vist sittande i eit rom utan anna møbel enn den forseggjorde stolen ho sit på. Det er typisk for mange av portretta, men Nørregaard kunne også inkludere meir detaljerte interiør, som til dømes i portrettet av Alf Collett.
Nørregaard måla ikkje berre portrett i olje, men laga også ei rekkje pastellportrett av kvinner og barn. Portrettet av Marthine Cappelen Hjort er eit kjent døme på dette.
Betyding
Bestillingsportrett var ikkje det som gav mest prestisje i dei ledande kunstmiljøa i samtida, men det er tydeleg at Nørregaard interesserte seg for sjangeren. Ho utvikla eit anna kunstsyn enn dei toneangivande målarane og møtte etter kvart på lita forståing. I byrjinga av karrieren vart ho derimot rekna som særs lovande, og den høge kvaliteten på arbeidet hennar er slåande.
Særleg som følgje av arbeidet til Anne Wichstrøm har interessa for Nørregaard auka sidan 1980-talet, og det har ført til ei revurdering av kunstnaren.
Portrettet av Hedvig Løvenskiold
Det er altså ei overklassekvinne som tittar mot oss. Men kven var ho? Hedvig Løvenskiold (1838 –1903) var gift med onkelen sin, kammerherre Herman Løvenskiold (1819–1873) til Fossum, og vart enke tidleg. Lenge var ho berre kjend som ei kvinne i Løvenskiold-slekta, men det er ikkje så vanskeleg å identifisere ho, om ein berre veit kor ein skal leite. Nørregaard gav sjølv ut ein katalog i fire bind over sine eigne verk. Det var god marknadsføring, men også ei viktig kjelde til informasjon om kunstnarskapen. I andre bind av katalogen finn vi måleriet som nr. 162. Her inkluderer Nørregaard det fulle namnet, Anna Sophie Hedvig Løvenskiold, og annan relevant informasjon. Det er det einaste portrettet Nørregaard måla av ei kvinne med namnet Løvenskiold i 1905, og det står i ei liste over portrett som er måla utan levande modell. Hedvig døydde i 1903, og Nørregaard har sannsynlegvis brukt eit fotografi som utgangspunkt.
Posthume portrett
I seg sjølv var det ikkje uvanleg at kunstnarar brukte fotografi som støtte i arbeidet. Det var noko dei byrja med tidleg, og det vart ikkje berre nytta for å portrettere folk kunstnarane ikkje kunne studere direkte. Portrett av døde, såkalla posthume portrett, var likevel ikkje noko som kom med oppfinninga av fotografiet. Tradisjonen for å lage slike avbildingar strekkjer seg langt tilbake i tida. Ein kunne lage eit nytt portrett på grunnlag av framstillingar som allereie fanst. Dødsmasker, dvs. avstøypingar av andleta til avlidne, var eit anna mogleg utgangspunkt. Men fysisk likskap har ikkje alltid vore like viktig som det var for Nørregaards kundar. Det sentrale var å minnast den døde.
Vi veit ikkje kvifor Nørregaard fekk dette oppdraget da ho gjorde, men det kan vere at familien ville ha eit portrett i stort format som eit verdig minne om den avlidne. Om vi granskar lista over portrett som ikkje er måla etter levande modell i katalogen til målaren, ser vi at det store fleirtalet av verka er frå same år eller kort tid etter at den portretterte døydde. I katalogen nemner Nørregaard også eigar, og det står at verket tilhøyrer Severin Løvenskiold i København, den eine sonen til Hedvig. Det er ikkje sikkert at det var han som bestilte portrettet, men det er sannsynleg. Hedvig Løvenskiold budde også i København da ho døydde.
Samanlikning med eit portrett i pastell
Trass i at portrettet vart måla etter at Hedvig Løvenskiold døydde, ser ho særs livaktig ut. Nørregaard får fram dei ulike detaljane i dei svarte kleda, og smykka dannar effektfulle kontrastar. I høgrehanda held ho ein type briller, kalla stanglorgnett. Denne detaljen gjer framstillinga litt ledigare, og det er ei form for verkemiddel Nørregaard ofte nytta. Stanglorgnetten brukar ho også i eit pastellportrett av Dagny Kiær, måla seks år før det av Hedvig Løvenskiold. Pastellen har eit mattare preg enn oljemåleriet, og samanlikninga viser Nørregaards dyktigheit i å få fram ljos og skuggeverknadar i begge teknikkar. Det er også tydeleg korleis ho nytta det same skjemaet. Mest interessant er det kanskje at Hedvig Løvenskiold ikkje ser mindre levande ut enn Dagny Kiær, sjølv om det berre er portrettet av Kiær som er måla etter levande modell. Det understrekar Nørregaards evne til å gje liv til dei ho måla.
Kjelder
Løvenskiold, Herman L. og Axel Løvenskiold (1974). Slekten Løvenskiold gjennom 300 år i Norge. Oslo.
Nørregaard, Asta (1911). Portræter i oliefarve, pastel og kul (Bd. 2). Kristiania.
Wichstrøm, Anne (2011). Asta Nørregaard: En livshistorie. Oslo: Pax.