Marit og Ola N. Strande
Marit og Ola N. Strande har betydd mykje for Valdres Folkemuseum. Her har Inger Marie Vingdal (som vaks opp med Ola og Marit i huset) skrive ein artikkel om dei.
Syskenparet vaks opp på småbruket Sørre Strande i Volbu og budde der heile livet sitt. Båe to var drivande arbeidsfolk med ein nøktern livsstil.
Marit (fødd 19. juni 1871 – død 11. februar 1964) var også ei framifrå budeie og velkjend for den gode maten ho laga på stølen på Klukkarberget, Sørre Trøllåsen. Ho fekk fleire diplom for garn og veving og fekk medalje på jubileumsutstillinga i Kristiania i 1914.
Om Ola (fødd 3. mai 1873 – død 18. desember 1972) er det sagt at han var ein driftig jordbrukar og ein omtenksam finansmann, at han hadde eit praktisk skjønn og var ein skarp debattant. Og at ingen i hans samtid har gjort så mykje for økonomien til museet som han gjorde.
Gjelda til museet
I 1923 skulle 900-årsjubileet for kristninga i Valdres feirast. Det var venta mange Valdres-amerikanarar heim, og museumsstyret ville få til eit representativt museum og halde utvandrarstemne. Dei tok sjansen på å låne pengar til bygging og innreiing. Men det kom få frå Amerika og dermed lite inntekt. Det var høg rente, ei økonomisk krise kom over landet, og bygdene fekk det trongt og vanskeleg. Lånet voks seg uhandterleg. I 1932 var det på tale å selje Valdres-museet til Gjøvik, og året etter var det krav om tvangsauksjon. Stor innsats med lotteri og innsamlingar utsette dette, men gjelda var framleis for stor.
Ola N. Strande vart avgjerande for at det likevel gjekk godt. Han gjekk til ordføraren i Øystre Slidre og sa han hadde ein plan for korleis museumsgjelda kunne greiast. Dersom ordføraren fekk dei andre kommunane med på at dei tok sin del av gjelda etter folketalet, ville Ola N. Strande betale det som fall på Øystre Slidre. Dette gjekk i orden, og museet vart berga.
Rennsennselet
Ola og Marit gav Rennsennselet, også kalla Eikreselet eller Løvåsselet, til museet i 1954. Selet er bygd omlag år 1700, og dei kjøpte det av grannen Torbjørn Løvås. Dei gav også alt inventar til Rennsennselet og til Dølahaugstogo.
Vedlikehaldsfondet
Gamle hus treng vedlikehald, og litt seinare tok Ola N. Strande initiativ til eit vedlikehaldsfond for Valdres Folkemuseum. Han ville gje 10 000 kroner om museet klarte å skaffe 40 000, slik at fondet vart på 50 000 kroner. Innsamlinga gjekk seint, men etter fleire utsettingar og press frå Ola gjekk det endeleg i orden, og vedlikehaldsfondet vart skipa nyttårseftan i 1957.
På møtet var Ola, museumsstyrar Knut Hermundstad, styreleiar Haldor Hegge og nokre andre frå styret. Ola fekk stor takk: «Difor er alle som har interesse for at den gamle kulturen i Valdres blir bevart for ettertida, Ola N. Strande stor takk skuldig, ikkje berre for det beinveges tilskotet hans til vedlikehaldsfondet, men også at han tok initiativet til at det kom i stand. Denne trufaste slitaren, som ved truge strev på den vesle garden sin har sett seg råd til å gje både Valdres folkemuseum og heimbygda si store verdfulle gåvor før, har med dette vedlikehaldsfondet synt eit lysande føredøme og offersinn som er sjeldsynt. Vi vonar og trur at ting som dette vil inspirere folket over Valdresbygdene til nye krafttak for museet vårt i tida framover, slik at det store målet kan bli nådd: Å skape eit kultursentrum ute i Storøya som, forutan å bli noko sermerkt i heile landet, også vil bli eit verdfullt aktivum for komande slekter.»
Sjølv om det er Ola som oftast er nemnd som den som tok initiativ og gav pengar, sa han sjølv og andre at dette kunne han ikkje gjort utan systera Marit.
Marit og Ola vart i 1953 utnemnde som æresmedlemmer i Valdres Folkemuseum. I 1965 fekk Ola museets høgste heidersteikn: gullmedalje.
Gåver til heimbygda
Marit og Ola N. Strande var også viktige for heimbygda. Ola oppretta fond for innløysing av Øvre Heimdalen, slik at denne verdfulle fjellstrekninga kunne koma attende til Øystre Slidre. Dette vart seinare omgjort og utvida med meir pengar til Marit og Ola N. Strandes skulefond.
Ola og Marit gav pengar til eit fond for Øystre Slidre helselag, som vart viktig for bygginga av Øystre Slidre kvileheim, og dei gav større gåver til Volbu kyrkje og Rogne kyrkje og til ymse andre humanitære formål både innanfor og utanfor bygda.
Ola var med i Øystre Slidre kommunestyre i lang tid, i formannskapet for sparebanken, i Øystre Slidre kommunale kraftverk, og han var skjønsmann, domsmann og takstmann. Han var også avgjerande i bygginga av vegen på vestsida i Volbu.
På 90-årsdagen sin fekk Ola N. Strande kongens fortenestemedalje.
Dei siste åra
Ola og Marit hadde ingen nære arvingar, og Arne Vingdal, som var noko i slekt, kjøpte garden i 1953. Dei flytta då inn i eine enden av huset og fekk alderdomen sin saman med Arne og Ragnhild Vingdal og etter kvart fire ungar. Ei brå omstilling for dei gamle, men dei sette pris på liv i huset og at garden stadig vart vidareutvikla.
Marit levde til ho var 92 ½ år, og Ola til han var 99 ½ år.
Inger Marie Vingdal, 18.02.2026
Kjelder
Avisa Valdres:
a) 10. mai 1953: Ola N. Strande 80 år
b) 3. mai 1963: Ola N. Strande 90 år
c) 25. februar 1964: Minneord om Marit N. Strande
d) 28. juni 1956: Tale av Olav T. Beito på Norsk Folkemuseum
e) 9. juni 1956, 10. desember 1957 og 4. januar 1958: Vedlikehaldsfondet
Hermundstad, Knut: Valdres folkemuseum i 50 år
Skrindsrud, Johan (red.): Eit hausteventyr på Valdres Folkemuseum