Familiefoto av Halvor Torstveit, Bergit (Bella) og Anne Torstveit (f. Grivi).
Familiefoto av Halvor Torstveit, Bergit (Bella) og Anne Torstveit (f. Grivi). Bø Museum Public domain mark (CC pdm)

Kraftkaren på Torstveit

Halvor og sonen Hans (frå fyrste eksteskap). Bø Museum

I Bø fanst det i gamle dagar ikkje så få kjempar som var namngjetne for styrken sin. Ein av desse kraftkarane var Halvor Torstveit (1831 – 1911). Kjempekreftene sine fekk han bruk for i sitt praktiske liv. Ordet kraftkar kan sjølvsagt gje assosiasjonar til krangel og nevekamp, og det var ikkje fritt for at nevane blei brukt til andre ting enn arbeid. Som me skal sjå her, har Halvor vore gjenstand for ein del historier opp gjennom tida.

Erik H. Skogen skreiv i 1935 om ulike personar og hendingar i noko han kalla Sandstulstubbar. Og her er eit langt kapittel via til Halvor Torstveit og ulike episodar denne karen hamna i på grunn av kjempekreftene sine. Erik Skogen slår fyrst fast at: Halvor var vennesel og ein god kamerat, han egla seg ikkje inn på nokon, men var ærekjær og tålte heller ikkje at nokon kom han for nær eller trådte han på tærne.

Såleis hamna Halvor i ein batalje i Hanesbakken på veg med hest og slede til marknad i Skien. Vi lar Erik Skogen fortelje:

Så møtte han ei heil skreie med fjellmennar (øvre-telemarkingar), 12 i talet som kom frå byen. Fulle var dei og kytte felt. Dei ropa: «Or vegen! Or vegen eller juling.» Det var ikkje godt å komma av vegen, så Halvor sa: «Eg får heller ta det siste de sa.» Da tek det to karar fatt i sleden for å velte den ut av vegen. Men so fekk den eine eit kraftig spark i magen og den andre eit nakkedrag av neven så dei stupa i vegen. Då sette dei på han heile kjyngja som klegg og mugg. Men han greip ein og ein i nakken og bøigde under seg og banka dei så det taut blod i mellem fingrene hans. Somme bad og somme banna. Ein var borte i ein skigard og braut seg handøvle og slo i flokken, men det var mørkt og han så ikkje håkken han råka. Då reiste Halvor seg up og greip etter han som slog. Han tok beina fatt, men dei andre låg att i snoghaugen.

Seinare når Halvor kom til byen, blei han kalla inn på politikammeret for gje ei forklaring, men sidan han handla i sjølvforsvar slapp han vidare tiltale. Det gjekk rykte om dette slagsmålet over heile Telemark, og såleis fekk Halvor Torstveit eit rykte på seg om å vere ein slåstkjempe. Eit rykte som gjorde at mange prøvde å få Halvor til å slåst med dei.

Erik Skogen fortel vidare:

Ein annan kveld hadde Halvor eit erende ut på Haugane. Då han gjekk heim til losjiet kom han i fylgje med ein stor fant som gav seg i prat med han. Men um eit bil begynte fanten å gjeva fantord og egla seg innpå han og ville skubbe han ut i snogkammen. «Du må ikkje vera fullt så nasevis du, elles kunde det gå deg gale,» sa Halvor. Mannen gav Halvor ein drabeleg ørefik. Halvor glaup mannen og i bakken med han, og banka han til han måtte bea um å sleppe. Seinare, når mannen kom tilbake til losjiet sitt, sa han verten: «Ja, no har eg fare til sjøs i 14 år og vore i mange land og verdens største byar og ikkje funne kar som har lagt meg på ryggen, men i kveld trefte eg ein bonde ute på Haugane. Det var den sterkaste kar eg nokensin hev nappast med.

Det var ikkje berre folk Halvor sette på plass. Halvor hadde ei mannevond hoppe. Her blei det fortald:

Hoppa gjekk på bein mot folk, og ho beit og slog mest som eit villdyr. Halvor hadde mange basketak med den hoppa. Reiar Røthe fortel um eit av desse basketaki millom hoppa og Halvor. Paa vegen mellom Liabakken og Aasgrav slog hoppa seg vrang. Her tok Halvor ryggtak på mærra som baade beit og slog; men yverende laut ho og banka vart ho og.

Om hoppa blei minde mannevond etter dette, veit me ikkje.

Det er sjølvsagt også historier som tunge løft. Olav Nordbø skreiv i avisa Lifjell i 1958:

Det ligg ein stein i Breisås som Torstveiten skal ha lyfta. Og i Eikjarud lyfte han ein stor stein som ingen – ikkje Sterke-Nils heller – orka lyfte.

Desse historiene var nokre døme på kva som har blitt fortald om Halvor Torstveit. Men som nemnd tidlegare, var han ein roleg og arbeidsam mann. I 1887 drog han og familien til Amerika kor han døydde i 1911.

Share to