Jønneberg
Jønneberg ligg einsleg til oppe på heia om lag midtveges mellom Skoe og Uvdal. Garden ligg 367 m.o.h.
Jønneberg høyrer ikkje til dei eldste gardane i bygda. Det kan ha vore busetnad der allereie i mellomalderen. Mest truleg har utgangspunktet vore ein stule for gardar i bygda, kanskje Skoe. Fyrste delen av namnet tyder på at det har vore utvinning av jarn oppe i myrane, og av den grunn kan det ha blitt fast busetnad her.
Ein av personane som budde på Jønneberg, var Lars Toresson. Folketradisjonen har gjort han til ein segnhelt. For det fyrste skal han ha blitt urimeleg gamal. Da han døydde i 1740 er det innført i kyrkjeboka at han var 106 à 107 år gamal. Det var såleis ikkje underleg at dei kalla han Jønnebergkallen. Dessutan var han ein makelaus kraftkar. Han skal mellom anna ha lyfta ein kjempestein som i eldre tider skal ha ligge på Frambø ved Bø kyrkje.
På den tida Jønnebergkallen levde, var det eit slit å bu på Jønneberg. Men frå midten av 1800-talet blei garden driven på ein god måte, og han hadde meir skog enn dei fleste gardane i Bø.
Skikkar og gamal tru heldt seg godt på Jønneberg. Her var nissar og andre underjordiske. Segner knyter seg m.a. til ei eldgamal, stor eik, som stod på tunet. Eika var på slutten roten og hol, så her var det plass til mange. Den 1. august 1904 slo lynet ned i eika, og ho brann opp. I denne eika budde nissen, og her hadde det blitt sett ut mat i fleire hundre år.
Nå i nyare tid er det igjen folk på Jønneberg. Halvor og Liv-Birgit Ulvenes flytta hit for nokre år sida. Strøm kom det i 2015 og breiband i 2017.
Kjelder: Bø soga Band II – ved Stian Henneseid