Verkstad i kleberstein og marmor saman med Kvernsteinsparken

article image

Visste du at kleberstein var ein viktig ressurs i Sogn og Fjordane og at dette materialet vart mykje brukt i viking- og mellomalderkunsten i Noreg? Klebersteinen var lett å forme og kunne brukast til både funksjonelle gjenstandar og kunst. Ein brukte kleberstein til å bygge store kyrkjebygg, men og til å lage skåler og mindre figurar.

I dette skuleopplegget får vi besøk av Filippo Olari, som er museumspedagog ved Kvernesteinsparken. Han er eksperimentell arkeolog, spesialisert i steinarbeid, så han skal la elevane få prøve å arbeide med kleberstein. Dei også få lage mosaikk av marmor frå Hyllestad. Historisk har marmor ikkje vore brukt til mosaikk, men det har ein unik og vakker kvalitet som vi no får nytte av i skapande arbeid.

Maximum attendees

25

Place

Nordfjord folkemuseum, Gota, Sandane, Norge se kart

Duration

45 min

Time period

18. - 19. mars

Cost

Free

Del 1: Introduksjon til kleberstein og marmor (ca. 10–15 minutt)

Kort presentasjon om:

  • Klebersteinen i Sognefjorden og dens rolle i viking- og mellomalderkunst

  • Historiske bruksområde for kleberstein og marmor

  • Korleis materialet vart utvinna og forma

  • Visuell demonstrasjon av kleberstein og Hyllestad-marmor

Del 2: Workshop – kleberstein (ca. 15 minutt)

  • Elevane hjelper til med å lage små suvenirar til Kvernsteinsparken

  • Vi lærer korleis vi kan omarbeide kleberstein med enkle verktøy

  • Diskusjon om handverk, teknikkar og materialbruk i historisk og moderne samanheng

Del 3: Workshop – marmor frå Hyllestad (ca. 15 minutt)

  • Elevane lagar mosaikk ved å bruke små bitar av Hyllestad-marmor

  • Vi fokuserer på kreativt arbeid og mønsterdesign

  • Diskusjon om forskjellar mellom marmor og kleberstein, og korleis ulike steintypar kan nyttas til forskjellig handverk

Læringsmål

Elevane skal:

  • Få innsikt i historisk og moderne bruk av kleberstein og marmor

  • Erfare korleis ein kan forme og arbeide med stein

  • Utvikle kreativitet gjennom hands-on aktivitetar

  • Reflektere over materiale, handverk og kunst i historisk kontekst

Order form

More school experiences

School

To kvinner - to vegar, eitt mot

Norsk Reiselivsmuseum

Norsk Samfunnsfag Grunnleggende norsk + 5 more subjects grades 5 - 7 grades 8 - 10 VG1
School

Eventyr, leik og dyr

De Heibergske Samlinger - Sogn Folkemuseum

Kroppsøving Norsk Naturfag + 1 more subjects grades 1 - 2 grades 3 - 4 grades 5 - 7
School

Vatn

De Heibergske Samlinger - Sogn Folkemuseum

Kroppsøving Naturfag Samfunnsfag grades 1 - 2 grades 3 - 4 grades 5 - 7 + 1 more grades

Share to