History
-
Krøppelspelet vart brukt til heising og firing av seglet etter at dei var slutta å bruke knekt og taljeblokk til dette. Krøppelspelet kom på Holvikjekta i eller rett etter år 1900, og det letta arbeidet med å heise (og fire) seglet mykje. Spelet var montert med boltar på dekket bak på Holvikjekta (vengdekket). Ein kan enno sjå hola etter boltane på venggolvet på Holvikjekta.
Då Holvikjekta ikkje lenger var i bruk, i 1906, vart krøppelspelet seld til Mikkel Årevik som budde på den veglause plassen Årevika i Gloppen kommune. Vi veit ikkje sikkert, men truleg brukte Mikkel spelet på jekta si "Nora af Nordfjord" ei tid. Mikkel Årevik var bestefar til gjevar av krøppelspelet. Gjevar fortalde at spelet stod i Årevika, og at det i hass tid vart brukt til å trekke opp båtar på land med.
Krøppelspelet vart restaurert i 2013-2014 av Ove Losnegård. Spelet var svært rusta og rullane hadde rotna heilt vekk. Under restaureringa vart krøppelspelet sandblåst, grunna og måla. Rullane er heilt nye av treslaga ask og eik.
Aksesjon: June 11, 2012
Magne Årevik døydde vintaren 2012. Difor skreiv søster hass under på mottaksskjema.Produksjon: 1890 - 1900 (Kom på Holvikjekta ca 1900, men vi veit ikkje om det då var nytt. )
- ProdusentWingaards Jernstøperier Bergen
Relation
-
Object/Work – Components 2 related objects
- ThingBremsestang (NFM.2012-00003-1)
- ThingSveiv (NFM.2012-00003-2)
Classification
-
- Smiing generelt (Outline - Metallhåndverk)OU 326.1
- Jernstøperi (Outline - Jern- og stålindustri)OU 327.7
- Båtbyggerfaget (Outline - Skipsverft og båtbyggerier)OU 396.11
- Maskin- og motorproduksjon for skip (Outline - Skipsverft og båtbyggerier - Maskin)OU 396.7
- Utstyr til båter og skip (Outline - Skipsverft og båtbyggerier)OU 396.8
References
-
- LitteraturreferanseBerger, Ingrid 2012 : "Krøppelspelet frå Holvikejekta" i Årbok for Nordfjord 2012, s. 167-180.
License information
-
License
Attrbution-ShareAlike (CC BY-SA)
Metadata
- Identifier NFM.2012-00003
- Part of collection Nordfjord Folkemuseum
- Owner of collection Sogn og Fjordane
- Institution Nordfjord Folkemuseum
- Date published October 10, 2014
- Date updated September 4, 2024
- DIMU-CODE 011025423748
- UUID d175cb7c-479d-43b3-8f3e-034b3349b9ef
- Tags
Add a comment or suggest edits
To publish a public comment on the object, select «Leave a comment». To send an inquiry directly to the museum, select «Send an inquiry».