History
-
- Det er fortald at mannen som er avbilda på skåpet kan vera Åne Kvambekk. Skapet har kome frå Kvambekk. Hit kom myllarguten for å gjæte for Åne Kvambekk då han var 9 år gamal. Det må ha vore i 1808. Myllarguten var allerede godt i gang med å spela, men fekk ikkje låne fela til Åne. Han var nok meir ein såkalla raklespelemann, men han skal ha vore god til å danse.
Produksjon: 1750 - 1820
- Kunstner (B, F, KI)Torjusson, Olav
- Adresse,Telemark Seljord Åmotsdal
- ProfessionSnikkar og rosemålar
- DigitaltMuseumSearch in «Torjusson, Olav»
Annet
- Tidligere plasseringKvambekk
Aksesjon
- Giver/siste eierLien, Margitsikker
- History
Fødd 14.04.1900. Margit er dotter av Bjørn Nordbø og Bergit Rådstoga, faren kom frå garden Nordbø i Langlim og mor hennar frå Rådstoga i Flatdal. Margit var eineborn. Reiste til Oslo der ho lærte å veve, og utdanna seg til organist på Musikkonservatoriet. Flutte heim att og var organist i heimbygda til ho fylte 70 år. Var og organist i Åmotsdal kyrkje og i kapellet i Manndal.
Dyktig gardbrukar, dreiv Myklestogo til å bli ein mønstergard for husdyrhald. Frå 1934 til 1953 var ho ein av hovudutstillarane på Dyrsku'n, fekk mange premiar.
Den store lidenskapen var å gå på auksjonar og kjøpe såkalla bondeantikvitetar.
I 1940 gifte ho seg med Bjørn Lien frå Svartdal, han flytte til Myklestogo. Dei fekk ikkje barn. Margit døydde 28.10.1979, og testamenterte samlinga til stiftinga Margit Liens Antikvariske Legat. Hovudbygningen på Myklestogo vart kjøpt til kultursenter i 1982, med tilskot frå Norsk Kulturråd, Seljord kommune og Seljord Sparebank. I 2004 vart Margit Liens antikvariske legat og Myklestogo kultursenter slått saman til Stiftinga Myklestogo.
Myklestogo vart selt i 2015 og stiftinga avvikla.
Dei fleste av gjenstandane er no teke vare på av Vest-Telemark Museum.
- Tilholdssted,Flatdal
- ProfessionBonde Organist
- Alternative namesNordbø (som jente)
- GenderKvinne
- DigitaltMuseumSearch in «Lien, Margit»
- History
Classification
Placement
References
-
- LitteraturreferanseRosemåling i Telemark av Øystein Vesaas, bind 1, side 256.
- LitteraturreferanseSeljordsoga: om Aane Kvambekk
License information
Metadata
- Identifier MLA.192
- Part of collection Margit Liens samlinger
- Owner of collection Margit Liens samlinger
- Institution Vest-Telemark Museum
- Date published September 11, 2024
- Date updated May 16, 2025
- DIMU-CODE 0210214639050
- UUID 04b89e50-20d2-473c-99b7-f7588c3ff2fb
- Tags
Add a comment or suggest edits
To publish a public comment on the object, select «Leave a comment». To send an inquiry directly to the museum, select «Send an inquiry».