History
-
Bilen vart seld frå fabrikken i Zittau 11.10.1913 til Alfred Zinner (eller Zimer) i Kristiania. Frå 31.5.1916 og fram til 1934 tilhøyrde den Johannes Clasen Brodtkorb 1880-1949), lege i Arendal og Grimstad. Bilen vart først registrert som I-225, og sidan som I-6025. I november 1938 eller april 1939 vart den donert til Norsk Teknisk Museum, men først på 1970-talet sette dei i gang med restaurering. Panseret og karosseri elles vart retta opp av Sparre Randsby og Trygve Krogsæter, Håkon Kristensen, verksmeister på Schøyens Buss-sentral demonterte og restaurerte motoren. Bortsett frå nokre fotografi vart bilen aldri dokumentert før restauering.
Bilen vart utlånt til Dr. Lærums Medisinske Samlingar i 2002. Den var då umåla og eit tomt skal, vanta setar, men gjekk på 4 hjul. Motoren med smådelar, og alle andre delar fylgde med i 4 kasser. Bilen fekk no det opphavelege registreringsnummeret til Birger Lærum senior sin Phänomobil av same årsmodell, R 34.
Restuaureringa vart utført av pensjonert mekanikar Gunnar Almeland og delvis sonen Steinar i 2008-2009. Det skjedde på grunnlag av informasjonsmateriale og instruksjonsbok frå fabrikken som fanst på Staatsarchiv og Verkehrsmuseum i Dresden + bøker med historikk om fabrikken og bilaneog som ein fekk tak i frå Zittau. Treråme til setet vart laga av Lars Trå. Råma rundt frontruta vart rustbehandla og fornikla hjå Sørligatens Fornikling i Oslo. Polstringa innvendes vart sett på av ODL, medan setet vart restaurert av Kristin Roll-Lund hjå a/s Møbelfix i Bergen. Skinn til polstringa, som var garva på gamal måte vart levert frå Borges Kromlærfabrikk på Osterøy v/ Ola Borge. Ingeniör Walter Steinert frå Phänomen-Werke i Zittau har vore konsulent. Far hans var ingeniør på same fabrikken frå 1925 og var med på produksjonen av bilen.
Denne bilen er det einaste køyrbare eksemplaret av Phänomobil Modell 2, i Europa, etter det ein kjenner til.
Produksjon: 1913 (Gjenstandskort)
- ProdusentPhänomen-Werke, Gustav Hillersikker
Utlån: 2002 - 2024
- LåntakerLærum, Ole Didrik
Relation
-
Object/Work – Components 7 related objects
- ThingBildeler (NTM 02865-1)
- ThingBildeler (NTM 02865-2)
- ThingBildeler (NTM 02865-3)
- ThingBildeler (NTM 02865-4)
- ThingBildeler (NTM 02865-5)
- ThingBildeler (NTM 02865-6)
- ThingBildeler (NTM 02865-7)
Classification
References
-
- ArkivreferanseMateriale fra Staatsarchiv Dresden, Verkehrsmuseum Dresden, historikk om Phänomen-Werke, notat, div. instruksjonshefter og annet materiale finnes i arkivet på Dr. Lærums Medisinske samling
- LitteraturreferanseSe Automobil og Motorrad "Chronik" nr. 2, 1982, side 53.
License information
Metadata
- Identifier NTM 02865
- Alternative name LAE 0070 - Dobbeltregistrert
- Part of collection NTM
- Owner of collection Norsk Teknisk Museum
- Institution Norsk Teknisk Museum
- Date published April 10, 2025
- Date updated March 26, 2026
- DIMU-CODE 0210215090453
- UUID ef61fe28-7b3e-43f2-ba41-7545e3009f80
- Tags
Add a comment or suggest edits
To publish a public comment on the object, select «Leave a comment». To send an inquiry directly to the museum, select «Send an inquiry».