History
-
TORFINN ØEN - sentral bygdespelemann med trekkspel.
Torfinn Øen kom til verda 19. desember 1925 og gjekk bort 25. desember 2007. I løpet av sitt 82 årige liv vart han ein uvanleg dyktig trekkspelar. Ja, eg går ut frå at eg ikkje fornærmar nokon, når eg meiner han må ha vore den mest avanserte amatørtrekkspelaren vi har hatt i Nes gjennom alle tider. Ja, mest sannsynleg gjeld dette for heile Hallingdal.
Det første trekkspelet fekk han som ca. 10 åring. Den første melodien som han øvde ein del på, var bestefarvalsen. Noko meir alvor vart det då han tok eit kurs med trekkspelaren Arild Formo frå Hønefoss. Her fekk han m.a. grunnlaget for notekunskapane sine. I tillegg spedde han på med eit korrespondansekurs i notelære, og vart etter mykje øving heilt spesielt notesterk. Det er ikkje mange amatørar som kan spela ein ukjent polka rett «frå bladet». At han var spesielt musikalsk viste det faktum at han hadde absolutt gehør. Han visste alltid kva for note ein lyd frå eit instrument hadde. Ei spesiell hending fortel om kva for kvalitetar han rådde over som musikar. Det kom eit sirkus til bygda. Nå hadde dei fått eit alvorleg problem då ein sentral musikar hadde vorte sjuk. Gode råd var dyre. Dei hadde vorte tipsa om at Torfinn Øen kanskje kunna hjelpe dei. Han fekk spørsmålet om å trø til tre timar før forestillinga skulle begynne. Han fekk sjå notene, og stilte opp. Resultatet vart så bra at sirkusdirektøren spurt om han ikkje kunna vera med dei vidare. Dette måtte han takke nei til då han hadde ein jobb som krevde sitt.
Torfinn spelte mest dansemusikk, og gammaldans må vi vel kunne si vart spesialiteten hans. Då var Carl Jularbo det store forbildet. Sjølv om dansemusikken dominerte, hadde han også avanserte marsjar og krevjande klassiske stykke på repertoaret.
Torfinn var gift med Kari Andrine Berg, og dei fekk to søner og ei dotter. Som musikar var han mykje borte på spelejobbar. Dette førte til at Kari vart ein del aleine med ungane i helgene. Torfinn ga uttrykk for at den positive haldninga Kari hadde til musikarlivet hans, var heilt avgjerande for at han kunne halde fram med dette.
Innhaldet i kufferten: Torfinn laga sitt eige lydanlegg som han monterte i bilen. Det er dette anlegget som nå er i kufferten. Her høyrer det med to høgtalarar som han også har laga sjølv. Dette er eit anlegg som i utgangspunktet er eit monoanlegg, men som han har greid å gjera om til eit stereoanlegg. Folk som Har tekniske kunnskapar i denne sjangeren, har uttalt at dette er vanskeleg å fa til.
(Skrevet av Einar O. Hanserud, august 2025)Produksjon: 2007
Lydanlegg ombygget av Torfinn Øen fra monoanlegg til stereoanlegg. Anlegget ble bygd en måned før Øens bortgang. Informasjon fra Nils Krusedokken og Einar Hanserud.- Produsent (K)Øen, Torfinnsikker
Relation
References
-
- LitteraturreferanseHallingband i 100 år av Thor Warberg, utgitt av Hallingdal Musikkforum, s. 49.
License information
- License Contact owner for more information
Metadata
- Identifier HFN 15924 a-c
- Part of collection Hallingdal Museum
- Owner of collection Stiftelsen Hallingdal Museum
- Institution Hallingdal Museum
- Date published February 13, 2026
- Date updated March 18, 2026
- DIMU-CODE 0210216484329
- UUID 4001a5e8-0b2b-4980-aaf3-1335b9a1b79e
- Tags
Add a comment or suggest edits
To publish a public comment on the object, select «Leave a comment». To send an inquiry directly to the museum, select «Send an inquiry».