Share to
Maximum attendees
30
Time period
Onsdag - fredag i perioden april - september
Other info
For nærare informasjon om våre pedagogiske opplegg, fasilitetar i parken og gjeldande prisar, ber vi om at de tek direkte kontakt med Kvernsteinsparken. Våre tilsette svarar gjerne på spørsmål om tilrettelegging for barnehage- og skulebesøk, grupper og enkeltpersonar, og kan gje detaljar om dei ulike aktivitetane vi tilbyr. Vi legg stor vekt på å tilpassa opplegga etter aldersgrupper og behov, og ønskjer å skapa både lærerike og trygge opplevingar i eit inspirerande miljø. Kontakt oss for å avtala tidspunkt, få prisinformasjon og planleggje eit besøk som passar for dykk. Kvernsteinsparken er ein utandørsarena med uisolerte formidlingsbygg. Ein lyt difor kle seg etter vêr og vind, gjerne i ull og eigna fottøy for vandring i ulendt terreng. Fare for bållukt. Til dels universelt utforma bygningar og formidlingsløype. Ta kontakt for ev. ynskje om tilpassing.
Har du ei gruppe du vil ta med på Kvernsteinsparken? Vi kan skreddersy eit opplegg tilpassa di gruppe.
Kunne du tenkt deg ein tur til Kvernsteinsparken, men er usikker på kva tilbod som passar? Vi kan tilby omvising og aktivitetar for alle aldersgrupper knytt til historia om kvernsteinsproduksjon i Hyllestad.
Døme på tema:
- Steinhoggarløypa - utandørs, skilta formidlingsløype i historisk brotlandskap
- Kunsten å kverne korn til mjøl
- Steinbrot i brytingstid - steinkrossar frå Hyllestad
Pedagogisk opplegg
Opplegget blir tilpassa gruppa, ynskt tema og tida de har til rådvelde. Ta kontakt for utfyllande informasjon. Velkomen!