To kvinner - to vegar, eitt mot

Portrett av Catharine Hermine Kølle og Margaret Sophie Green Kvikne
Portrett av Catharine Hermine Kølle og Margaret Sophie Green Kvikne Photographer: Svein Skare, Bergen Universitetsmuseum, Mary Ann Menes

Catharine Hermine Kølle og Margaret Sophia Green Kvikne levde i ei tid då kvinner sjeldan fekk høve til å forme verda rundt seg. Likevel braut dei grenser – med fjellstøvlar, pensel og tru.

Catharine, prestedotter frå Snarøya, vandra gjennom Europa og Noreg med skisseblokk og dagbok. Ho dokumenterte landskap og bygningar med over 250 akvarellar og 1800 sider tekst – ein kulturskatt som i dag vert bevart ved Universitetsmuseet og Universitetsbiblioteket i Bergen.

Margaret, prestedotter frå England, kom til Balestrand etter å ha klatra i Alpane og norske fjell. Ho vart den første kvinna på Store Styggedalstind og gifta seg med Knut Kvikne. Etter hennar ynskje vart St. Olafs kyrkje reist – ei stavkyrkjeinspirert perle ved fjorden, eit symbol på hennar tru og kulturformidling.

Begge var pionerar i friluftsliv, kulturbyggarar og barrierebrytarar. Dei viste at kvinner kan vere både oppdagarar og formidlarar – med blikk for det vakre, det sanne og det varige.

Maximum attendees

30

Place

Norsk Reiselivsmuseum, Holmen, Tjugum, Balestrand, Norge se kart

Duration

2,5 timar

Time period

Haust 2025

Cost

Free

Competency goals

Inneholder læringsmål for:
  • 5. - 7. trinn: Norsk (NOR01-06) and Samfunnsfag (SAF01-04)
  • 8. - 10. trinn: Grunnleggende norsk (NOR07-02), KRLE (RLE01-03), Norsk (NOR01-06) and Samfunnsfag (SAF01-04)

Norsk (NOR01-06)

grades 5 - 7

  • lytte til og videreutvikle innspill fra andre og begrunne egne standpunkter i samtaler
  • reflektere etisk over hvordan eleven framstiller seg selv og andre i digitale medier

grades 8 - 10

  • gjenkjenne og bruke språklige virkemidler og retoriske appellformer

Samfunnsfag (SAF01-04)

grades 5 - 7

  • utforske ulike sider ved mangfald i Noreg og reflektere over menneska sine behov for å vere seg sjølve og for å høyre til i fellesskap
  • reflektere over korleis kommersiell påverknad kan verke inn på forbruk, personleg økonomi og sjølvbilete
  • samanlikne korleis ulike kjelder kan gi ulik informasjon om same tema, og reflektere over korleis kjelder kan brukast til å påverke og fremje bestemte syn
  • utforske korleis menneske i fortida livnærte seg, og samtale om korleis sentrale endringar i livsgrunnlag og teknologi har påverka og påverkar demografi, levekår og busetjingsmønster
  • reflektere over korleis møte mellom menneske har bidrege til å endre korleis menneske har tenkt og ulike samfunn har vore organiserte

grades 8 - 10

  • reflektere over korleis identitet, sjølvbilete og eigne grenser blir utvikla og utfordra i ulike fellesskap, og presentere forslag til korleis ein kan handtere påverknad og uønskte hendingar
  • reflektere over korleis menneske har kjempa og kjempar for endringar i samfunnet og samstundes har vore og er påverka av geografiske forhold og historisk kontekst
  • reflektere over likskapar og ulikskapar i identitetar, levesett og kulturuttrykk og drøfte moglegheiter og utfordringar ved mangfald
  • utforske korleis teknologi har vore og framleis er ein endringsfaktor, og drøfte innverknaden teknologien har hatt og har på enkeltmenneske, samfunn og natur
  • drøfte korleis framstillingar av fortida, hendingar og grupper har påverka og påverkar haldningane og handlingane til folk

Grunnleggende norsk (NOR07-02)

grades 8 - 10

  • gi uttrykk for egne meninger skriftlig og muntlig
  • reflektere over hvordan språk kan uttrykke og skape holdninger til enkeltindivider og grupper
  • samtale om hvordan språk kan uttrykke og skape holdninger

KRLE (RLE01-03)

grades 8 - 10

  • utforske og drøfte hvordan kristendom og andre religioner inngår i historiske endringsprosesser globalt og nasjonalt

Show competency goals

Vang
Vang Photographer: Svein Skare, Bergen Universitetsmuseum

Felles trekk

• Eventyrlyst og reiselyst Begge var pionerar innan reise og friluftsliv. Margaret klatra i Alpane og vart første kvinne på Store Styggedalstind i 1888. Catharine gjekk til fots gjennom Europa og Noreg, og dokumenterte reisene sine med akvarellar og dagbøker.

• Sterke kvinner i mannsdominerte arenaer Margaret utfordra kjønnsrollene som fjellklatrar og hotellvertinne. Catharine reiste åleine som kvinne i ei tid då det var uvanleg, og vart omtala som «eit av desse skarpe, sterke Kvennfolk».

• Kulturelt og åndeleg engasjement Margaret var initiativtakar til bygginga av St. Olafs kyrkje i Balestrand, inspirert av norske stavkyrkjer. Catharine dokumenterte kultur og natur gjennom kunst og tekst, og etterlet seg ein stor kulturarv.

• Tilknyting til prestefamilie og Vestlandet Begge var prestedøtre – Margaret frå England, Catharine frå Snarøya – og fann sitt livsverk i Sogn og Hardanger.

Slik vert museumsbesøket

Formidlar møter klassen i museet sitt inngangsparti. Me går samla til auditoriet i 2. høgda.

Læraren si rolle

Me ynskjer at du som vaksen er aktiv, deltakande og nysgjerrig. Lærarar er ansvarleg for gruppa under heile besøket og kan bli beden om å hjelpe til undervegs. Formidlar har ansvar for gjennomføring av programmet.

Før besøket

Dette undervisingsopplegget krev ikkje førarbeid, men det er alltid nyttig å førebu elevane på eit museumsbesøk. Vis gjerne bilete frå museet og fortel om kva som skal skje.

Etter besøket

Reflekter og diskuter med elevane i etterkant av undervisinga, gjerne i grupper.

På veg til fjells. Thorgeir Sulheim, eigar av Eide gard i Skjolden, som sjåast i bakgrunnen. Margaret Sophie Green og Halvor Halvorsen. Knud Knudsen, Marcussamlingen

Undervisingsopplegget

Opplegget vert i hovudsak gjennomført i museet sitt hovudbygg, i tillegg til eit kort besøk i St. Olavs kyrkja (Engelsk kyrkja), som ligg i 5 min. gangavstand frå museet .

  1. Presentasjon av hovudrollehavarane, Kølle og Green (30 min.) Auditoriet

  2. Me går til St. Olavs kyrkja, bygget som ga inspirasjon til Disney-filmen «Frost». (40 min.)

  3. Matpause (20 min.) Museumskafeen

  4. Me deler oss i ynskt gruppe, der elevane enten vil skrive ei reiseskildring eller prøve seg på eit måleri. (60 min.)

4a) Eleven kan skrive ei reell eller fiktiv reiseskildring, der det er valfritt om denne blir illustrert med ei teikning. Grupperom

4b) Eleven kan måle eit landskap (kjent eller imaginært), eller la seg inspirere av Margaret, som fekk eit bygg reist etter seg (St. Olavs kyrkja) – kva type bygg ville du hatt som «minnesmerke»? Grupperom

Gudvangen Svein Skare, Bergen Universitetsmuseum
Holmen i Ulvik Svein Skare, Bergen Universitetsmuseum
C. H. Kølle, frå Austerrike Svein Skare, Bergen Universitetsmuseum

Order form

More school experiences

School

To kvinner - to vegar, eitt mot

Norsk Reiselivsmuseum

Norsk Samfunnsfag Grunnleggende norsk + 2 more subjects grades 5 - 7 grades 8 - 10
School

Haldens Bomuldspinderi & Væveri

Halden museum

Samfunnsfag grades 5 - 7
School

Cathrineholm - fra jernverk til emaljerte produkter

Halden museum

Samfunnsfag grades 5 - 7

Share to