Share to
Korleis kunne skuledagen og kvardagen vere for born på slutten av 1800-talet? Vi tar turen inn i skulestova frå 1891! Her får elevane eit lite inntrykk av korleis skulekvardagen kunne vere for sine tippoldeforeldre.
Maximum attendees
30
Duration
45 min
Time period
Tysdagar, onsdagar og torsdagar i vekene 17, 18 og 19
Cost
Free
Other info
Les viktig melding til deg som lærar.
Competency goals
- 1. - 2. trinn: Samfunnsfag (SAF01-04) and Norsk (NOR01-06)
- 3. - 4. trinn: Samfunnsfag (SAF01-04) and Norsk (NOR01-06)
Pedagogisk gjennomføring
Elevane blir møtt av museumspedagogen, og vi går i samla flokk ned i tunet og til skulestova. Elevane finn plass i dei gamle skulebenkane i klasserommet. Her er det tid for undring, spørsmål og samtale kring det vi ser, og korleis skulen kunne vere i gamle dagar. Er det noko som er likt det klasserommet dei har i dag? Kva er ulikt? Vi ser på utstyr og materiale som vart brukt som del av undervisninga. Vi ser på alfabetet, ord og skrivemåtar, og andre plansjar som heng i klasserommet.
Til sist får elevane prøve å skrive med blekk og penn.
Opplegget kan fint kombinerast med eit besøk i Østenstadstova (ei røykstove frå Jølster, frå 1500-talet) for å få eit endå betre inntrykk av kvardagslivet på denne tida. Ønskjer ein dette, må ein legge til ca. 30 min.
Viktig melding til deg som er lærar:
-
Tilbodet er tilgjengeleg i ein begrensa periode: tysdagar, onsdagar og torsdagar i vekene 17, 18 og 19.
-
Det er viktig å kle seg etter vêret! Dei antikvariske husa kan vere kalde.
-
Opplys i bestillinga om de ynskjer å ete lunsj på museet, og rekn ekstra tid til dette.
-
Det er avgrensa tilgang for besøkande med nedsett funksjonsevne i dei antikvariske husa, men vi kan legge til rette for tilkomst. Gje oss beskjed i god tid om de treng tilrettelegging.
- Vi har uteleikar til bruk om ønskjeleg. Gje beskjed i bestillinga.