Holvikejekta: Reisa til Bergen

article image

No står ho her, Holvikejekta – endeleg har ho fått seg ein ny heim! Vi har gleda av å invitere skuleklassar på besøk til Holvikejekta.

Holvikejekta er ein av dei få tinga vi har att som minner oss om vår rike jektefartskulturarv. Jektene segla langs norskekysten i om lag 500 år, og var viktige for å knyte landet vårt i nord saman med omverda. Jektene frakta varer frå distrikta ned til byane – frå fiskejektene i nord til vedjektene på Vestlandet. Varene blei selde i byane, og for pengane dei tente, kjøpte dei inn nye varer som dei trong å ta med heim att til bygdene – som korn, kaffi, sukker og krydder.

Når ein besøker Holvikejekta, kan ein undre seg over korleis ferda ned til Bergen kunne ha vore, og kva som møtte mannskapet då dei kom til Bryggen i Bergen.

Maximum attendees

30

Duration

1 time

Time period

September - November

Cost

Free

Other info

Innandørs Gi beskjed på førehand om det er elevar med særskilte behov som ein må ta hensyn til. Det gjer det enklare for alle og at ein då får mogleheit til at alle får ein god oppleving.

Opplegg

Dette undervisningsopplegget har fokus på reisa til Bergen og kva som møtte mannskapet ved ankomst. Opplegget startar med ei omvising leia av museumspedagog, med ei varigheit på om lag 30 minutt. Under omvisinga får elevane innføring i historia til jektefarten og kunnskap om Holvikejekta.

Etter omvisinga blir elevane delte inn i grupper. Gruppene skal samarbeide om å svare på spørsmål langs ei læringsløype. Talet på rette svar avgjer kor mykje «pengar» gruppa tener undervegs. Når elevane har fullført løypa, har dei nådd Bergen, der dei skal selje varene sine til kundar, representerte av museumspedagogen.

Kvar gruppe har deretter tent ei viss mengd pengar. Desse kan nyttast hos kjøpmannen for å kjøpe varer til heimreisa. Gruppa må saman ta avgjerder om korleis pengane skal fordelast for å sikre å få med nødvendige varer heim att.

Bildet viser ein av postene i løypa elevane skal følgje.
Her har elevane komt frem til kjøpmansdisken i Bergen. Der dei kan sjå utvalet av varar dei kan kjøpe med seg heim igjen.

Order form

More school experiences

School

To kvinner - to vegar, eitt mot

Norsk Reiselivsmuseum

Norsk Samfunnsfag Grunnleggende norsk + 5 more subjects grades 5 - 7 grades 8 - 10 VG1
School

Eventyr, leik og dyr

De Heibergske Samlinger - Sogn Folkemuseum

Kroppsøving Norsk Naturfag + 1 more subjects grades 1 - 2 grades 3 - 4 grades 5 - 7
School

Vatn

De Heibergske Samlinger - Sogn Folkemuseum

Kroppsøving Naturfag Samfunnsfag grades 1 - 2 grades 3 - 4 grades 5 - 7 + 1 more grades

Share to