Share to
- korleis vil du framstå som menneske?
Elevane skal reflektere over korleis dei framstår på sosiale medium, og korleis det påverkar korleis andre oppfattar dei. Dei skal forstå at det dei publiserer blir ein del av deira digitale historie, og desse spora kan ha konsekvensar både no og i framtida.
Elevane skal sjå parallellen mellom korleis Noreg skapte sin identitet i 1905 og som attraktivt reisemål, og korleis dei sjølve skapar sin identitet i dag.
Slik vil dagen sjå ut:
Introduksjon (5 min.)
Historisk parallell - ein presentasjon (30 min.)
Digitale spor og identitet - samtale (15 min.)
Refleksjonsspørsmål (15 min.)
Gruppearbeid - elevane blir bedd om å lage eit innlegg på mobilen (kan vere fiktivt, ikkje publisedr på ekte) som dei vil vere stolte av å som sin "signatur" på SoMe. Det kan vere tekst, bilete eller ein kombinasjon. Emne: "Dette er meg - dette står eg for." (40 min.)
Etterpå:
Gruppene presenterer innlegga for klassen. "Kvifor valde de dette?"
Maximum attendees
30
Duration
2,5 timar
Time period
Veke 10, 11, 15, 16, 17, 18, 19, 22, 23, 24 og 25.
Cost
Free
Other info
Elevane har bruk for mobilane sine. Me set av tid til matpause, so ta med niste.
Competency goals
- 8. - 10. trinn: Kulturarv (LKA01-02), Kunst og håndverk (KHV01-02), Samfunnsfag (SAF01-04), Norsk (NOR01-06) and Grunnleggende norsk (NOR07-02)
- vg1: Samfunnskunnskap (SAK01-01), Mediesamfunnet (MOK01-02), Norsk (NOR01-06) and Kunst og visuelle verkemiddel (KDA01-02)