Share to
Kom skal vi lære om jekta! Dette formidlingsopplegget er spesielt tilrettelagt for dei eldste barna i barnehagen og dei yngste elevane i småskulen. Gjennom forteljing, bilete og møte med den ekte Holvikjekta får barna oppleve lokal kysthistorie på ein konkret og sansenær måte. Opplegget inviterer til undring, spørsmål og samtale, og gir barna ei første forståing av korleis menneske levde og arbeidde langs kysten før i tida.
Maximum attendees
30
Duration
1 time
Time period
Vår
Cost
Free
Gjennomføring
Opplegget startar med ei kort og enkel introduksjon til kva ei jekt er, og kva Holvikjekta vart brukt til. Barna sit samla rundt borda i ankomsthallen og følgjer ein kort presentasjon formidla av museumspedagog. Presentasjonen inneheld bilete og korte filmsnuttar som gir barna eit innblikk i korleis det var å vere til sjøs før i tida. Det blir lagt vekt på dialog, og barna blir oppmoda til å stille spørsmål og dele eigne tankar undervegs.
Etter introduksjonen går gruppa saman for å sjå nærare på jekta. Vi bevegar oss roleg rundt jekta og opp i dei ulike etasjane, slik at barna får oppleve henne frå fleire vinklar. Undervegs peikar museumspedagogen på utvalde detaljar og fortel på ein måte som er tilpassa alder og nivå, med rom for undring og samtale.