Share to
Gardsdrift på 1800-talet
I museumsbussopplegget «Å overleve vinteren» ser me på arbeidet som låg bak å for å overleve gjennom ein lang vinter på 1800-talet.
90 prosent av sogningane budde på ein gard på 1800-talet. Kva dyrka dei? Kva dyr hadde dei? Me ser på kva arbeidsoppgåver som var vanleg på denne tida. Var det forskjell på arbeidsoppgåvene til kvinner og menn? Kva med ongane?
Bli med på ein skuledag der du lærer om gardslivet i Sogn på 1800-talet!
Maximum attendees
30
Duration
1,5 time
Time period
24 Mars
Cost
Free
Other info
Les viktig melding til deg som er lærar
Competency goals
- 8. - 10. trinn: Samfunnsfag (SAF01-04), Design og redesign (DOR01-02), Kunst og håndverk (KHV01-02) and Kulturarv (LKA01-02)
Museumsbuss for 9. trinn
Dette er eit tilbod til elevar på 9. trinn på skular i tidlegare Sogn og Fjordane fylke, og klassen kan bestille gratis transport til museet. Les meir om vilkår på denne sida
Pedagogisk gjennomføring
Me startar dagen i museumskaféen der elevane får ei kort innføring om samfunnet og livet på ein gard på 1800-talet.
Elevane blir med på ein omvisning i friluftsmuseet. Me besøker Indre Sogn tunet og ser på bygningane som var vanleg å ha på ein gard. Me snakkar om arbeidsoppgåver som skulle gjerast inne og ute.
Deretter blir elevane delt i 2 grupper. I den eine gruppa får elevane prøve å karde ull og spinne på handtein saman med museumsformidlar.
Den andre gruppa skal prøve å løyse vår gardsrebus under oppsikt av lærar. Veit du for eksempel kva eit styvingstre er? Etterpå bytter me om på gruppene, slik at alle får prøve alle aktivitetane.
Haugastova frå Jostedalen
Mykje av formidlinga vil foregå i stovehuset frå garden Haugen i Jostedalen.
Ynskjer de eit lengre besøk på museet?
Skuleopplegget med formidlar varar 1,5 time. Enten før lunsj eller etter lunsj. Ynsker de å tilbringe større del av dagen på museet er de velkomne til det.
Me har 3 etasjar med utstillingar i museumseumsbygningen, og kan tilby eit aktivitetshefte for ungdomstrinnet. Dei kan mellom anna sjå 2000- års utstillinga som viser korleis ungdom hadde det i nær fortid.
I sommarsesongen er mange av bygningane på friluftsmuseet opne med plexiglasdører. Utanom sesong så kan ein sjå bygningane utanfrå og lese informasjonsskilt om dei enkelte bygningane.
Viktig melding til deg som er lærar:
- Opplegget blir tilbudt kl: 10.00-11.30 eller kl. 12.00-13.30 De må spesifisere i påmeldinga kva tidspunkt de ynskjer. Fint om de også gir beskjed om de ynskjer å tilbringe større delar av dagen på museet, så kan me tilrettelegge for det.
-
Me er mykje ute i friluftmuseet, og det er difor viktig at alle kler seg etter været. Dei antikvariske husa kan også vere kalde.
-
I friluftsmuseet og dei antikvariske husa er det begrensa tilgang for besøkande med funksjonsnedsetting. Gje oss beskjed i god tid om de treng tilrettelegging.
- Elevane kan ete nista i kaféområdet. I museumskaféen er det mogeleg å kjøpe kake, is og drikke.
Påmelding
De melder dykk på ved å fylle ut skjemaet under. Hugs å fylle inn tidspunkt for ankomst og avreise i kommentarfeltet, samt om de ynskjer formidlingsoppplegget kl 10 eller kl 12.
Ledige dagar: * 24 mars (kl. 12.)
Fleire skuleopplegg
Her kan du finne fleire skuleopplegg på De Heibergske Samlinger