Holvikejekta: Kom skal vi lære om jekta!
Nordfjord Folkemuseum
Holvikejekta: Kom skal vi lære om jekta!. Kom skal vi lære om jekta!
Dette formidlingsopplegget er spesielt tilrettelagt for dei eldste barna i barnehagen og dei yngste elevane i småskulen. Gjennom forteljing, bilete og møte med den ekte Holvikjekta får barna oppleve lokal kysthistorie på ein konkret og sansenær måte. Opplegget inviterer til undring, spørsmål og samtale, og gir barna ei første forståing av korleis menneske levde og arbeidde langs kysten før i tida.